BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
CALSCALE:GREGORIAN
BEGIN:VEVENT
SUMMARY:Kvinnenettverk i Bergen - profesjonell utvikling
DTSTART;TZID=Europe/Oslo:20231215T143000
DTEND;TZID=Europe/Oslo:20231215T160000
LOCATION:Godt Brød Christie Café, Muséplass
DESCRIPTION: Kvinnenettverket er eit samarbeid mellom kvinner i bergensområdet som driv bedrift eller prosjekt etter heilskaplege verdiar. Vi treffast den siste fredagen i månaden og tek del i eit måltid. Det er gratis å ta del i nettverket, du berre betaler for din eigen mat.

Kvinnenettverket fremjer heilskaplege perspektiv og bedriftsmodellar som har forankring i sosiale verdiar. Her kan vi dele tankar og erfaringar om korleis vi går fra teori til praksis, og korleis vi aktivt og vakent arbeidar med tema som inkludering, likeverd, grensesetting, og personleg &amp;amp; profesjonell vekst og utvikling.

Formatet er slik: Vi har 5 minutt kvar til å fortelje om kva vi held på med nett no, og kva vi treng hjelp med. Vi arbeider saman for å styrke, løfte og framme einannan, og våre respektive prosjekt.
Vi vonar du vil være med!

I 2023 tek vi også føre oss arbeidsboka Dare to Dream Bigger. Mellom samlingene arbeider vi kvar for oss, og så kjem vi saman for å diskutere arbeidspunkta frå boka. Saman jobbar vi gjennom oppgåvene, kjenner på verdiane våre og set ord på det som var uklårt. I dette fellesskapet får vi hjelp til å tenke saman, utvide horisontene våre og botne arbeidet vi gjer i verdiane våre. Dette arbeidet vil også gje oss betre skikka til å styre prosjekta og verksemdene våre på heilskapleg vis, i retningar som er gode for oss sjølve og verda ikring oss. 

Meld deg på, så reserverer eg plass!

https://www.allmenningen.org/holistisk-perspektiv/kvinnenettverk/
STATUS:CONFIRMED
SEQUENCE:0
END:VEVENT
END:VCALENDAR