BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
CALSCALE:GREGORIAN
BEGIN:VEVENT
SUMMARY:Meistring &amp; Livskvalitet gruppe 1
DTSTART;TZID=Europe/Oslo:20250429T163000
DTEND;TZID=Europe/Oslo:20250429T180000
LOCATION:Læring og Mestringssenteret, Ulriksdal
DESCRIPTION: 16-vekers yogakurs for medlemmar av Bergen Revmatikerforening. 

Kurset har fokus på meistring og livskvalitet, og tek omsyn til problemstillingar særskilt tilknytt revmatiske tilstandar. Her får du kunnskap om bein, musklar, ledd, bindevev, legingsprosessar og korleis du gradvis kan trene og styrke fysisk og mental helse. Vi jobbar langsiktig og sakte, slik at kropp og hovud klarer å snakke saman. Vi kjenner etter, set ord på det vi kjenner og aukar sensitiviteten gradvis. Vi jobbar med meistring og livskvalitet, med styrke, balanse, tryggleik, koordinasjon, sjølvkjensle, pusteteknikkar, avslapping og kvile.

Målet med kurset er at du skal få reiskaper som kan være med på å gje deg auka livskvalitet og ei større mestringskjensle, auka rørslerom og sjølvkjensle. Etter kurset kjem du til å ha nok kunnskapar til å ta del i dei andre yogatimane våre, og vere viss på at du kan gjere dei endringane du treng for å ha ei trygg og positiv oppleving.

Påmelding via epost til yoga@allmenningen.org

2500kr, betal med kort på første timen, eller delbetal - snakk med Ingvild :-)
STATUS:CONFIRMED
SEQUENCE:0
END:VEVENT
END:VCALENDAR