BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
CALSCALE:GREGORIAN
BEGIN:VEVENT
SUMMARY:Kvardagsro - 6 vekers yogakurs
DTSTART;TZID=Europe/Oslo:20260819T163000
DTEND;TZID=Europe/Oslo:20260819T180000
LOCATION:Fysioterapisenteret i Bergen, St. Jakobsplass
DESCRIPTION: Treng du litt meir ro i kvardagen?
 
Kvardagsro er eit lågterskel nybyrjarkurs på 6 veker. 
Dette kurset er for deg som kjenner på stress og uro i kvardagen. For deg som ønsker deg betre livskvalitet. Og for deg som vil prøve yoga og meditasjon.

Du vil lære litt om anatomi i tillegg til yogarørsler og pusteteknikkar. Vi øver opp kommunikasjonen mellom hovudet og kroppen, får betre kontakt med kroppen, og lærer gode triks for kvardagsmeistring. Etter kurset vil du ha kjennskap til fleire yogateknikkar som kan brukast i dagleglivet. Dette kan vere med å hjelpe deg til å få ei auka kjensle av ro i kvardagen. Du vil også ha nok kunnskap til å ta del i andre yogatimar hjå Allmenningen yoga.

På kurset startar yogatimen med introduksjon og litt info om musklane vi skal arbeide med. Så gjer vi ei oppvarming, før vi tek fatt på dei andre rørslene. Vi får også med oss pusteøvingar, og til sist gjer vi ei avslapping på golvet.
 
Kurset er basert på erfaringar frå fleire år med yogakurs for ADHD Norge Vestland.

Du treng ei flaske vatn og eit pledd til avslappinga. Du kan få låne stol og matte. Ha på deg komfortable klede du kan røre deg i, gjerne joggebukse og t-skjorte.

Ikkje kom på yoga om du er sjuk.

Pris: 2000kr., betal med kort på første kurstime.
STATUS:CONFIRMED
SEQUENCE:0
END:VEVENT
END:VCALENDAR