Osteoyoga 1
Kansellert
Mandag, 16 mars • 16:30 - 18:00
Helsesenter i Bergen, Sverresgate 33
Ingvild Skodvin Prestegård
Ingvild er den første Dru yogainstruktøren i heile Noreg. Ho har undervist i Bergen sidan 2014. Ingvild er spesialist på meistring, legingsprosessar og kroniske tilstandar. For meir informasjon sjå https://www.allmenningen.org/om-oss/
Beskrivelse
Vi inviterer til det populære Osteoyogakurset: i 6 veker gjer vi rørsler, sekvensar, pusteøvingar og avspenning som er skreddarsydd for deltakarar med osteoporose og osteopeni.

Deltakarane sit på stolar i byrjinga og styrker musklar varsamt for betre haldning. Deltakarane har tid til å kjenne på eigne grenser og meistring. Det vert fokus på korleis ein kan trygt røre seg samstundes som kroppen styrkast og trenast. Vi arbeider med balanse, koordinasjon, livskvalitet, tryggleik og meistring.

Mange av teknikkane kan gjerast heime når du har lært dei. Etter kurset vil du ha nok kunnskap til å ta del i dei andre yogatimane våre. Gler oss til å sjå deg!

Pris: 1200kr. Betaling med kort på første timen.