Yogakurs for vaksne
Abgesagt
Mittwoch, 25 März • 16:30 - 18:00
Helsesenter i Bergen, Sverresgate 33
Ingvild Skodvin Prestegård
Ingvild er den første Dru yogainstruktøren i heile Noreg. Ho har undervist i Bergen sidan 2014. Ingvild er spesialist på meistring, legingsprosessar og kroniske tilstandar. For meir informasjon sjå https://www.allmenningen.org/om-oss/
Beschreibung
Allmenningen Yoga inviterer til yogakurs særskilt utarbeida for vaksne (16+) medlemmar av ADHD Norge Hordaland, med oppstart onsdag 25. mars.
Kurset er åpent for alle, med medlemmar av ADHD Norge Hordaland får rabattert pris.

Kurset varer 8 veker. Dette er kurs som høver både for deg som har gjort yoga tidlegare, og for deg som aldri har sete føtene på ei yogamatte. Etter kurset vil du ha kjennskap til fleire yogateknikkar som kan brukast i kvardagen. Du vil også ha nok kunnskap til å ta del i andre yogatimer hjå Allmenningen yoga.

På kurset startar yogatimen med introduksjon og litt info om musklane vi skal arbeide med. Så gjer vi ei oppvarming, før vi tek fatt på dei andre rørslene. Vi får også med oss pusteøvingar, og til sist gjer vi ei avslapping på golvet.
Det er viktig at du kjem i god tid til timen, omlag 10 min. før start. Då har du fått gjort deg klar og senka skuldrene før vi tek fatt.

Yoga høver godt for deg med ADHD fordi det gjev ro i kropp og sinn, og det kan hjelpe med å halde fokus. Vi øver opp kommunikasjonen mellom hovudet og kroppen, får betre kontakt med kroppen, og lærer gode triks for kvardagsmeistring.

Du treng ei flaske vatn, eit pledd til avslappinga, og ei yogamatte hvis du vil bruke di eiga. Vi har matter til utlån. Ha på deg komfortable klede du kan røre deg i, gjerne joggebukse og t-skjorte.

Lenkjer til meir informasjon om yoga og ADHD:
https://www.webmd.com/add-adhd/adhd-mindfulness-meditation-yoga#1
https://www.yogitimes.com/article/yoga-help-adhd-symptoms-relax

Onsdagar kl. 16:30 – 18:00

Kursstart 25. mars

Praktisk:

Pris for medlemmar 900kr.
Pris for ikkje-medlemmar 1600kr.
Betal med kort på første timen
Maks. 12 deltakarar.
Dersom du ikkje har høve til å ta del ein dag, informer instruktøren på epost.

Send bindande påmelding på epost til yoga@allmenningen.org. Skriv medlemsnummeret ditt i meldinga, saman med fullt namn, mobil og epost.