Yoga: Teknisk time
Cancelled
Monday, 23 March • 18:30 - 20:00
Helsesenter i Bergen, Sverresgate 33
Ingvild Skodvin Prestegård
Ingvild er den første Dru yogainstruktøren i heile Noreg. Ho har undervist i Bergen sidan 2014. Ingvild er spesialist på meistring, legingsprosessar og kroniske tilstandar. For meir informasjon sjå https://www.allmenningen.org/om-oss/
Description
I ein teknisk time ser vi på detaljane i korleis vi utfører ei rørsle, vi ser på musklar og ledd, og på kva rørsla gjer og korleis ho kan nyttast. Her jobbar vi med koordinasjon, balanse og kroppskontroll. Vi kjem framleis til å ha oppvarming, ein EBR eller sekvens, meditasjon og avslapping. Desse timane vil gje innføring, oppfrisking og mestring i dei ulike rørslene, og vi tilrår at alle tek del i minst ein teknisk time kvar månad. Dersom du kjem for å jobbe med og styrke eller mjuke opp spesifikke ledd og musklar, eller er ny til yoga, tilrår vi at du tek tekniske timar kvar veke.
200kr/160kr. student. Betal med kort før timen.