Fredagsflyt

5 september 2025 • 10:00 - 11:00
Elen Kristine Vestvik

Beskrivelse

Fredagsyoga kl. 10:00–11:00

Velkomen til ei roleg og vitaliserande yogaklasse kvar fredag føremiddag! Dette er ei time som passar for dei fleste, og har fokus på å vekkje kroppen varsamt etter veka som har gått.

Vi startar med enkle, dynamiske øvingar som gir energi, styrke og flyt i pusten. Rørsla hjelper deg med å sleppe spenningar og finne ro – ei fin overgang inn i helga.

Timen blir avslutta med djup avspenning eller ei guida yoga nidra, der du får høve til å kvile heilt og lade opp – både kropp og sinn.

Ta gjerne med ei matte, eit teppe og ei pute for ekstra komfort under avspenninga