Introduksjonstime: Rehabilitering etter infeksjonssjukdom
Onsdag, 29 mars • 16:30 - 18:00
Fysioterapisenteret i Bergen, St. Jakobsplass 9
Ingvild Skodvin Prestegård
Ingvild er den første Dru yogainstruktøren i heile Noreg. Ho har undervist i Bergen sidan 2014. Ingvild er spesialist på meistring, legingsprosessar og kroniske tilstandar. For meir informasjon sjå https://www.allmenningen.org/om-oss/
Beskrivelse
Denne timen er ein introduksjon til det heilt nye rehabiliteringsprogrammet for deg som slit med etterverknader etter infeksjonssjukdom. Lista er låg, du treng ikkje mykje energi til å ta del i denne timen. Du får introduksjon til mjuke og vare rørsler og teknikkar som kan vere med å hjelpe deg i rehabiliteringsprosessen.

Timen høver for alle - du kan låne matte, pute og stol. Ta med drikke og eit pledd til avspenninga.
230kr/184kr. student. Betal med kort når timen startar.