Yoga på Grendahuset

21 september 2023 • 18:30 - 20:00
Klokkarvik Grendahus
Ingvild Skodvin Prestegård
Ingvild er den første Dru yogainstruktøren i heile Noreg. Ho har undervist i Bergen sidan 2014. Ingvild er spesialist på meistring, legingsprosessar og kroniske tilstandar. For meir informasjon sjå https://www.allmenningen.org/om-oss/

Beskrivelse

Endeleg kjem det yoga til Klokkarvik! Vi samlast på Grendahuset torsdag kveldar i haust og gjer mjuke rørsler i lag. Vi skal lære litt anatomi, pusteøvingar og strekkar - dette vert kjekt! Dru yoga er ei blanding av yoga, tai chi og qi gong, så vi gjer rolege, gode rørsler som alle får til. Alle timane har fokus på meistring, livskvalitet og fellesskap.

Desse timane er supre for deg som er litt stiv og har litt vondtar - deltakarar med kroniske tilstandar som trur dei er for knirkete for yoga høyrer til her :-)

Alle får stol å sitte på, ta med deg ei flaske vatn og yogamatte om du har (eller du kan få låne av meg) og eit pledd til avspenninga. Det er litt kjølig i rommet, så ha gjerne på deg eit lag med ull.

Gler meg til å sjå deg på matta :-)

Pris: 230kr/184kr student/ufør pr time - eller pakkepris 2300kr/1840kr student/ufør for alle 13 gongene.

Sjå allmenningen.org for meir info om Allmenningen yoga og arbeidsmetode.