Vilkår & føresetnadar for Allmenningen Yoga

Allmenningen yoga skal vere ein stad der alle er velkomne. Det er eit fellesskap med hjarterom for alle som vil ta del. Respekt for fellesskapet er ein av grunnsteinane våre.

Ved å nytte denne påmeldingsportalen seier du deg samd med dette. Vidare tek du ansvar for deg sjølv og fellesskapet gjennom å:

- Kome 10 minuttar før timen byrjar. Då får du satt deg ned, roa deg, pusta djupt og er heilt klar til timen.
- Skru av mobilen. Ingenting skal uroe timen og opplevingane der.
- Ikkje gå før timen er heilt ferdig, og vi har takka for i dag.
- Ta ansvar for eiga utvikling. Kjenn på dine eigne grenser og tenk etter kva du vil jobbe med i kvar time.
- Kjenn etter i kropp og sinn, og ver stille. Ver merksam på å ikkje uroe dei andre, alle er på si eiga reise og arbeider med ulike ting i timen.
- Snakk med fastlegen din dersom du har særskilte helseproblem. Yoga erstattar ikkje medisinsk behandling.
- Ha med ditt eige utstyr så langt det lar seg gjere. Kjøp gjerne utstyr frå oss - vi kan gje råd om kva som vil høve for deg.
- Meld deg på og avbestill timar inntil 24 timar i forvegen. Alle umøtte og uavmeldte påmeldingar vert fakturerte til full pris.
- Yogakurs vert selde som pakkar, og det vert ikkje avslag eller refundering dersom ein deltakar står over ein eller fleire timar. Påmeldingen gjeld heile kurset.
- Ta med deg det du har lært. Gjennom å vere til stades, uten fordom og fyllt med kjærleik kan vi vekse som menneske. Yoga gjev deg reidskap til å takle motgang og medgang, og er ein nyttig filosofi i den moderne verda. Praktiser heime, gå gjerne til andre yoga- og treningstimar, og kom gjerne fleire gonger i veka. Då får du maksimalt utbytte av både den fysiske og mentale sida av yoga. Yoga er først og framst ei måte å vere i verda på – og det er di eiga reise.


Sjå også personvernpolicyen vår: http://www.allmenningen.org/personvernpolicy/



Velkommen til yoga!