Svangerskapsyoga
Terça-feira, 3 agosto • 16:30 - 18:00
Helsesenter i Bergen, Sverresgate 33
Ingvild Skodvin Prestegård
Ingvild er den første Dru yogainstruktøren i heile Noreg. Ho har undervist i Bergen sidan 2014. Ingvild er spesialist på meistring, legingsprosessar og kroniske tilstandar. For meir informasjon sjå https://www.allmenningen.org/om-oss/
Descrição
Vi inviterer til kurs i svangerskapsyoga. Rolege timar med små grupper, for gravide frå veke 13 i svangerskapet. Kurset høver for alle gravide, også for deg med bekkenplagar, og som ikkje er kjend med yoga frå før. Vi trener bekkenmusklar, gjer pusteøvingar, avslapping, visualisering og meditasjon.

Dette er for deg som ynskjer fysisk og mental fødselsførebuing og ein mjuk start på livet til barnet. Dette er rolege og meditative yogatimar, der du får sjansen til å verkeleg kjenne på endringane i kropp og sinn, og førebu deg til fødselen og tida etterpå. Det vert høve til å ta med fødselspartnar på den siste timen. Dette er ein unik periode i livet, som dannar grunnlaget for så mykje av det som kjem etter. Finn tid til å passe på deg sjølv no, og få gode vaner som tener deg heile resten av livet…

Pris: 1200kr / 960kr student. Betal med kort på første time.
We are happy to teach the class in English, upon request.