Du kan bestille denne timen fra fredag, 28 januar
Kvinnenettverk i Bergen - profesjonell utvikling
Fredag, 28 januar • 14:30 - 16:00
Godt Brød Christie Café
Ingvild Skodvin Prestegård
Ingvild er den første Dru yogainstruktøren i heile Noreg. Ho har undervist i Bergen sidan 2014. Ingvild er spesialist på meistring, legingsprosessar og kroniske tilstandar. For meir informasjon sjå https://www.allmenningen.org/om-oss/
Meld deg på
Bestillingsvinduet har passert
Beskrivelse
Kvinnenettverket er eit samarbeid mellom kvinner i bergensområdet som driv bedrift eller prosjekt. Vi treffast den siste fredagen i månaden og tek del i eit måltid. Det er gratis å ta del i nettverket, du berre betaler for din eigen mat.

Kvinnenettverket fremjer heilskaplege perspektiv og bedriftsmodellar som har forankring i sosiale verdiar. Her kan vi dele tankar og erfaringar om korleis vi går fra teori til praksis, og korleis vi aktivt og vakent arbeidar med tema som inkludering, likeverd, grensesetting, og personleg & profesjonell vekst og utvikling.

Formatet er slik: Vi har 5 minutt kvar til å fortelje om kva vi held på med nett no, og kva vi treng hjelp med. Vi arbeider saman for å styrke, løfte og framme einannan, og våre respektive prosjekt.
Vi vonar du vil være med!

I 2022 tek vi også føre oss arbeidsboka Dare to Dream Bigger. Mellom samlingene arbeider vi kvar for oss, og så kjem vi saman for å diskutere arbeidspunkta frå boka. Saman jobbar vi gjennom oppgåvene, kjenner på verdiane våre og set ord på det som var uklårt. I dette fellesskapet får vi hjelp til å tenke saman, utvide horisontene våre og botne arbeidet vi gjer i verdiane våre. Dette arbeidet vil også gje oss betre skikka til å styre prosjekta og verksemdene våre på heilskapleg vis, i retningar som er gode for oss sjølve og verda ikring oss.

Meld deg på, så reserverer eg plass!

https://www.allmenningen.org/holistisk-perspektiv/kvinnenettverk/