Pustekurs - 4 veker
Onsdag, 27 mars • 16:30 - 18:00
Fysioterapisenteret i Bergen, St. Jakobsplass
Ingvild Skodvin Prestegård
Ingvild er den første Dru yogainstruktøren i heile Noreg. Ho har undervist i Bergen sidan 2014. Ingvild er spesialist på meistring, legingsprosessar og kroniske tilstandar. For meir informasjon sjå https://www.allmenningen.org/om-oss/
Beskrivelse
Dette er eit kurs for deg som vil kome i gong med pustetrening, eller som vil halde fram frå tidlegare kurs.

På dette 4-vekers kurset lærer vi litt om anatomi og korleis pusten fungerer. Vi gjer rørsler og strekkar for å legge til rette for at pusten kan flyte, og som styrker pustemuskulaturen. Vi lærer pusteøvingar som balanserer og roar kroppen, og som du kan trene vidare på heime. Vi trener også på kvile og avspenning. Alt skal kjennest godt heile tida.

Pustekurset er ei vidareutvikling av sjølvomsorgsprosjektet - sjå meir info her: https://www.allmenningen.org/sjolvomsorg/

- Eg kvalifiserte nyleg til Breath Coach, så dette kurset var nytt hausten 2023. Spør meg om noko er uklart, og så sjåast vi på matta :-)

Pris: 1000kr/850kr student