Yogakurs: Meistring & livskvalitet
Onsdag, 21 mars • 16:30 - 18:00
Helsesenter i Bergen, Sverresgate 33
Ingvild Skodvin Prestegård
Ingvild er den første Dru yogainstruktøren i heile Noreg. Ho har undervist i Bergen sidan 2014. Ingvild er spesialist på meistring, legingsprosessar og kroniske tilstandar. For meir informasjon sjå https://www.allmenningen.org/om-oss/
Beskrivelse
Dette er eit 6-vekers yogakurs for deltakarar med kroniske tilstandar. Vi gjer varsame, rolege rørsler innanfor det som er komfortabelt og trygt for kvar einskild deltakar. Vi jobbar mykje med pusten, kjernemuskulaturen og ryggen i timane,og får ein djup avkobling og kvile. Vi har fokus på meistring og livskvalitet, samt problematikk tilknytta kroniske tilstander.

Kurset har lav terskel: deltakarane sit på stolar i byrjinga og styrker musklar varsamt for betre haldning. Deltakaren har tid til å kjenne på eigne grenser og meistring.

Mange av teknikkane kan gjerast heime når du har lært dei. Etter kurset vil du ha nok kunnskap til å ta del i dei andre yogatimane våre. Gler oss til å sjå deg!

Kurset høver særskilt godt for deg som aldri har vore på yoga før. Pris: 1200kr, betaling med kort på første timen.