mandag 24 februar : Reiki & yoga 3-dagarskurs

  14:00
Reiki & yoga 3-dagarskurs

Meld deg på
Tid   14:00 - 18:00
Lærer   Ingvild
Sted   Strandgaten 207
Plasser   fremdeles 3 ledig
Vil du verte Reikimeister med oss? Vi inviterer til tre flotte dagar med mykje læring, spirituell vekst, godt selskap og eit varmt nettverk. På desse dagane får du utdanning i alle nivå: Reiki i, ii og iii, inkludert Reiki Meister, til berre 5000kr. Vi meiner at Reiki er ein fantastisk reiskap som så mange som mogeleg burde få kunne, og difor held vi den superlave prisen.
Desse dagane byr på eit tettpakka program for personleg vekst og utvikling med Reikiutdanning alle nivå, og mykje yoga attåt. Du vil få alle reidskapene du treng for å kunne praktisere og lære bort Reiki, og vi gjer spesielt utvalde Dru yogasekvensar for å støtte læringsprosessen. Det vil ta litt tid før all denne nye kunnskapen landar i kroppen og vert fullstendig integrert, kor lenge er veldig individuelt.
Du får: Reikiundervisning & attunements, yogatimar, meditasjon,lære- og referansebok, kursbevis og diplom, lett middag på fredag og lunch laurdag og søndag. Støtte og oppfølging i ettertid er del av pakka :-)
Kurset går enten på norsk eller engelsk. Læreboka er på engelsk, og vi følgjer Diane Stein sin læremodell. Vi planlegg å halde kurset i Strandgaten 207, men kjem gjerne til å flytte til eit større lokale dersom det vert naudsynt. Kurset har begrensa antal plassar. Gler oss til å høyre frå deg!