Svangerskapsyoga (6-vekers kurs)
Fredag, 17 januar • 16:30 - 18:00
Helsesenter i Bergen, Sverresgate 33
Ingvild Skodvin Prestegård
Ingvild er den første Dru yogainstruktøren i heile Noreg. Ho har undervist i Bergen sidan 2014. Ingvild er spesialist på meistring, legingsprosessar og kroniske tilstandar. For meir informasjon sjå https://www.allmenningen.org/om-oss/
Beskrivelse
Kurset er for deg som ynskjer fysisk og mental fødselsførebuing og ein mjuk start på livet til barnet :-)

Dette er rolege og meditative yogatimer, der du får sjansen til å verkeleg kjenne på endringane i kropp og sinn, og førebu deg til fødselen og tida etterpå.

Samlingane byrjar med ein liten oppvarming før vi tek fatt på rørslene. Det vert også pusteøvingar, trening av bekkenmuskler, fødselsførebuing, visualisering og avspenningsteknikkar. Dei som vil, kan stå, men det er fritt fram for å sitte på stol mesteparten av samlinga. Det viktigaste er at du tek omsyn kroppen din.

Vi skal ned og ligge på golvet for nokre av øvingane i samlinga. Vi skal også ligge på golvet i avslappinga i slutten av timen - men du kan sjølvsagt sitje på stol dersom det er meir komfortabelt for deg. Du ser sjølv kva du har bruk for :-)

Målet med kurset er at du lærer teknikkar som du kan ta med deg vidare, og verte ein del av reiskapene dine gjennom svangerskap, fødsel og vidare i livet. Det vert høve til å ta med seg fødselspartnar til den siste timen.


Pris: 1200kr