Svangerskapsyoga & Postnatal yoga
15 januar 2018 •
16:30 - 18:00
Helsesenter i Bergen, Sverresgate 33
Ingvild Skodvin Prestegård
Ingvild er den første Dru yogainstruktøren i heile Noreg. Ho har undervist i Bergen sidan 2014. Ingvild er spesialist på meistring, legingsprosessar og kroniske tilstandar. For meir informasjon sjå https://www.allmenningen.org/om-oss/
Beskrivelse
Frå veke 13 i svangerskapet, inviterer vi til svangerskapsyoga. Dette er for deg som ynskjer fysisk og mental fødselsførebuing og ein mjuk start på livet til barnet. Dette er rolege og meditative yogatimar, der du får sjansen til å verkeleg kjenne på endringane i kropp og sinn. Vi trener bekkenmusklar, gjer pusteøvingar, avslapping, visualisering og meditasjon. Vi har samarbeid med jordmor undervegs, og det vert høve til å ta med fødselspartnar til nokre av timane. NB: Også postnatal yoga. Her arbeidar vi med bekkenmuskulatur, kroppen sine eine legings- og endringsprosessar, overgongen til å vere mor, djup avspenning og ro. Postnatale timar vil høve tidlegast 6 veker etter fødsel, eller 12 veker ved keisarsnitt. Vi tilrår at du kjem på postnatale timar kvar veke i minst 3 månader før du supplerer med tekniske- og sekvenstimar.