Yogakurs: Meistring & livskvalitet

22 august 2017 • 17:00 - 18:30
Helsesenter i Bergen, Sverresgate 33
Ingvild Skodvin Prestegård
Ingvild er den første Dru yogainstruktøren i heile Noreg. Ho har undervist i Bergen sidan 2014. Ingvild er spesialist på meistring, legingsprosessar og kroniske tilstandar. For meir informasjon sjå https://www.allmenningen.org/om-oss/

Beskrivelse

Dette er eit 6-vekers kurs for psoriasis- og eksemforbundet. Kurset høver særskilt godt for deg som aldri har vore på yoga før. Det er ein kombinasjon mellom klassisk yoga, tai chi og qi gong, med varsame rørsler innanfor det som er komfortabelt og trygt for kvar einskild deltakar. Vi jobbar mykje med pusten, kjernemuskulaturen og ryggen i timane, og får ein djup avkobling og kvile. Forsking på Dru Yoga syner at det verkar veldig bra for stressreduksjon og ryggplager, og kan hjelpe med å auke livskvaliteten generelt.

Vi har fokus på meistring og livskvalitet, samt problematikk tilknytta kroniske tilstander.
Kurset har lav terskel: deltakarane sit på stolar i byrjinga og styrker musklar varsamt for betre haldning. Deltakaren har tid til å kjenne på eigne grenser og meistring. Det vert fokus på korleis ein kan trygt røre seg samstundes som kroppen styrkast og trenast. Mange av teknikkane kan gjerast heime når deltakaren har lært dei, og deltakaren vert også i stand til å følgje vanlege yogatimar ved Helsesenter i Bergen.

Kurset er 6 samlingar med rørsler, sekvensar og avspenning. 1200kr, betaling med kort på første timen.