Meistring & Livskvalitet gruppe 1

2 desember 2025 • 16:30 - 18:00
Læring- og Mestringssenteret, Ulriksdal, Treningsrom
Ingvild Skodvin Prestegård
Ingvild er den første Dru yogainstruktøren i heile Noreg. Ho har undervist i Bergen sidan 2014. Ingvild er spesialist på meistring, legingsprosessar og kroniske tilstandar. For meir informasjon sjå https://www.allmenningen.org/om-oss/

Beskrivelse

16-vekers yogakurs for medlemmar av Bergen Revmatikerforening.

Kurset har fokus på meistring og livskvalitet, og tek omsyn til problemstillingar særskilt tilknytt revmatiske tilstandar.

Tema for mykje av kurset i haust vert skuldre, nakke og hovud.

Målet med kurset er at du skal få reiskaper som kan være med på å gje deg auka livskvalitet og ei større mestringskjensle, auka rørslerom og sjølvkjensle. Etter kurset kjem du til å ha nok kunnskapar til å ta del i dei andre yogatimane våre, og vere sikker på at du kan gjere dei endringane du treng for å ha ei trygg og positiv oppleving.

Påmelding via epost til yoga@allmenningen.org

2500kr, betal med kort på første timen, eller delbetal - snakk med Ingvild :-)