Sommerbalanse: 4 veker med balanse

7 juli 2026 • 16:30 - 18:00
Læring- og Mestringssenteret. Ulriksdal, Treningsal
Ingvild Skodvin Prestegård
Ingvild er den første Dru yogainstruktøren i heile Noreg. Ho har undervist i Bergen sidan 2014. Ingvild er spesialist på meistring, legingsprosessar og kroniske tilstandar. For meir informasjon sjå https://www.allmenningen.org/om-oss/

Beskrivelse

Kurset passar både for deg som ikkje har gjort yoga før og er nysgjerrig på om det kan være noko for deg, og for deg som trener yoga haust/vår, og ønsker å oppretthalde treninga i sommer.

Kurset vil ta for seg øvingar og rørsler som trener balanse og aukar mobilitet. Ettersom mange revmatikarar er i betre form og helse om sommaren, bruker vi dette til å trene opp musklar og sammenhengar i kroppen. Ei forbetring i kjensla av balanse er noko som har stor innverknad på kvardagsmeistring og livskvalitet.

Bergen Revmatikerforening har fått støtte fra Stiftelsen Dam, og prisen pr. 4 ukers kurs er kun kr. 250,- for medlemmar, kr. 1300,- for ikkje-medlemmar.

NB: Det er Bergen Revmatikerforening som administrerer påmelding til og betaling av dette kurset. Følg påmeldingslenka under.